Korleis registrere MinID Passport
Du må skanne passet ved å bruke ein app frå Nets som les passet ditt. Du kan laste ned denne appen frå Nets si nettside, eller ved å laste ned “NETS Passport Reader” frå app store/Play store. Appen må vere installert på din smarttelefon før du kan starte skanninga av passet.
- Du kan registrere ny MinID brukar på denne nettsida: registration.minid.digdir.no
- Etter å ha trykt på "Continue", vert brukaren bedd om å installere appen “NETS Passport Reader”
- Du vert bedd om å godta person- og ansiktsgjenkjennings data på vegne av Digitaliseringsdirektoratet. Dette med hensikt å identifisere deg for utstedelse av MinID. For å bruke appen må du godta bruksvilkåra
- Klikk på "Receive activation code". Ein kode vert synleg i nettlesaren. Denne koden må du skrive inn i appen for å fortsette. Alternativt kan du skanne QR-koden som kjem opp på skjermen
- Skann den maskinlesbare delen av passet ved å følge instruksjonane i appen
- Lukk passet. Legg Smarttelefonen med baksida oppå passet, slik at appen kan lese NFC (RFID)-brikka på passet. Følg instruksjonane i appen
- Appen vil no be deg ta ein selfie for å bekrefte at personen på passet er den same personen som brukar smarttelefonen. Om dette vert godkjent vert informasjonen frå passet sendt tilbake til MinID-registreringa i nettlesaren
- Fortsett registreringa i nettlesar. Skriv inn ditt fødselsnummer eller D-nummer. MinID vil no kontrollere informasjonen frå passet ditt opp mot folkeregisteret
- Om informasjonen stemmer, vil du kunne registrere e-postadressa di, mobilnummer og opprette personleg passord for MinID
Du har no registrert MinID og kan logge inn på nokre offentlege tenester på nett.