Behandlingsansvarleg
Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) er behandlingsansvarleg for personopplysningar som behandlast ved felles innlogging til offentlege tenester (ID-porten). Digitaliseringsdirektoratet er og behandlingsansvarleg for opplysningar som nyttast for å administrere MinID.
Leverandørane av elektroniske ID på høgaste tryggleiksnivå (BankID, Buypass og Commfides) er behandlingsansvarlege for personopplysningar som er naudsynt for å administrere sine innloggingsløysingar.
Om du har spørsmål om personvern for ei bestemt teneste, som du får tilgang til med innlogging via ID-porten, må du henvende deg til den etaten som er ansvarleg for tenesta. Om du har generelle spørsmål rundt personvern og tryggleik i innlogginga, kan du kontakte brukarstøtte.
Kva personopplysningar vert handsama
Ved innlogging til elektroniske tenester med ID-porten, vert fødselsnummer og tidspunkt for innlogginga lagra. Innloggingshistorikken vert lagra i ein avgrensa periode.
Innsyn, retting og sletting
Etter personopplysningslova har du rett på innsyn i personopplysningane dine. Du har og rett til informasjon om korleis dei vert handsama og oppbevart, samt korleis du kan rette eller slette feilaktige opplysningar.
Det er berre fødselsnummer og ei oversikt over innloggingshistorikken din som vert lagra. Fødselsnummer vert henta frå folkeregisteret og innloggingshistorikken viser din faktiske bruk av innlogging via ID-porten. Det er derfor begrensa rom for å rette opplysningar som er lagra.
Utlevering til andre
Når du loggar inn på ei teneste, vert fødselsnummeret ditt og innloggingsinformasjonen din videreformidla til den verksemda eller etaten som er ansvarleg for tenesta du loggar inn på.
Kontaktinformasjon
Kontaktinformasjon til behandlingsansvarleg for handsaming av personopplysninger:
Digitaliseringsdirektoratet
Skrivarvegen 2
6863 Leikanger