Ulike tryggleiksnivå
Dei digitale tenestene har ulikt tryggleiksnivå. Det er den verksemda som eig tenesta som bestemmer kva tryggleiksnivå tenesta deira skal ha – tryggleiksnivå 3 eller tryggleiksnivå 4 (høgaste). Dette vert bestemt ut i frå kva konsekvensar uheldige hendingar vil få for brukar og verksemda.
Tryggleiksnivå 3
MinID gir innlogging til tenester med tryggleiksnivå 3. Den har ei to-faktors tryggleiksløysing. MiniD består av fødselsnummer og personleg passord, samt eingongskodar på SMS eller PIN-kodar frå eit tilsendt kodebrev.
Tryggleiksnivå 4 (høgaste)
BankID, BankID på mobil, Buypass og Commfides leverer elektronisk ID på høgaste tryggleiksnivå. Dette er ei to-faktorløysing, der ein i tillegg må møte opp personleg for å legitimere seg. Dette for å unngå at tryggleikselemtet hamnar i feil hender.
Med høgaste tryggleiksnivå får du mellom anna tilgang til helseopplysningar. Er du innlogga med MinID, men ynskjer å logge deg inn på ei teneste som krev eit høgare tryggleiksnivå, må du logge deg inn på nytt med BankID, BankID på mobil, Buypass eller Commfides.