Kvifor er nokre saker og dokument unnteke offentligheita?
I verksemda sine journalar kan det vere opplysningar som er beskytta av lovpålagt teieplikt. Det kan og vere opplysningar som kan eller skal unnatakast offentlegheit i medhald av lov. Då pliktar verksemda å hindre at andre får tilgang eller kjennskap til desse opplysningane når journalen publiserast. Heile eller delar av saks- og dokumentopplysningane kan difor vere skjult i den offentlege journalen som vert publisert. Verksemda som eig journalen, skal i slike tilfelle opplyse om unntaksheimel.
Unntaksheimel grunngjev kvifor informasjonen er skjult. At eit dokument er unnateke offentlegheit, er ikkje til hinder for at du kan bestille innsyn i dokumentet. Verksemda har plikt til å vurdere meiroffentlegheit, og teieplikta gjeld i utgangspunktet berre for opplysningar og ikkje heile dokument.