Phishing!
Det er no sendt ut ein phishing e-post der nokon utgjev seg for å vere Helsenorge.no, og som ber folk logge seg på ID-porten for å få tilbakebetalt eit beløp. Ikkje trykk på linken, slett e-posten.
Får eg og post frå private verksemder til den digitale postkassen min?
Ja, du kan få post frå andre enn offentlege verksemder, slik som bankar, forsikringsselskap, kraftselskap m.m. Du finn informasjon om dette på nettsidene til dei to leverandørane av digital postkassane, Digipost og e-Boks.