Språkval
Kontakt- og reservasjonsregisteret inneheld opplysning om kva for språk du ynskjer å motta dokument og meldingar frå stat og kommune på. Det er opp til den offentlege verksemda som sender deg meldingar eller dokument å bruke informasjonen om språkval. Difor vil det gå noko tid før alt som vert sendt deg kjem på det språket du ynskjer.
Om du ikkje har gjort eit språkval, kan stat og kommune sjølv velje kva for språk dei vil bruke i kommunikasjonen med deg.
Det er du som innbyggar som sjølv legg inn og endrar språkval under kontaktopplysningane dine i kontaktregisteret.
Digitaliseringsdirektoratet har henta inn språkval frå skatteetaten, og flytta opplysningane til kontakt- og reservasjonsregisteret. Om du tidlegare har kryssa av for språk i skattemeldinga, er det den informasjonen som no er registrert.
Her kan du logge inn for å sjekke og oppdatere kontaktopplysingane dine.